| Anne Knutsdotter
|

"Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor,
og Truls han er min bror.
Me bur oppå ein plass der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel..." | |

Kven kjenner ikkje songen om Anne Knutsdotter? Den populære visa vart skriven i 1865 av Claus Pavels Riis - jordeigar, amtsgartnar og skodespelforfattar, busett på austsida av øya Tysnes i Sunnhordland. Ideen til visa fann han på den fattigslege husmannsplassen Storaheio i Vattedal på Tysnes. Her kan ein framleis sjå tuftene etter "Uren Luren".
Den levande modellen for Anne heitte eigentleg Herborg, medan Truls i visa heitte Torbjørn. Herborg vart fødd i 1859 og døydde som ugift tenestejente på Voss i 1911. Ja, det er blitt sagt at det faktisk var Herborg sjølv som dikta dei kjende strofene. Læraren skal ha funne teksten og synt den til Riis, som gjekk med på å gje ut songen mot å få namnet sitt under. Uansett, om ein tek turen høgt opp i ura, finn ein ei minneplate der Herborg ein gong budde.
Dokkene Anne og Truls viser kvardagsklede frå Tysnes frå førre hundreåret, slik me får tru at "Anne Knutsdotter" og broren verkeleg kunne gå kledd. I dei siste åra har dette vorte Tysnes sine "offisielle" Anne Knutsdotter-figurar. | |
|
| |
|
|
|